Meistertimen – Knut Buen med studentar
Kva betyr det eigentleg «å gå i lære» hjå nokon? Korleis foregår overlevering av tradisjonar, kunnskap og speleteknikk i praksis? Osafestivalen inviterer til den heilt nye programposten «Meistertimen» med Knut Buen og studentar. Her tek vi overleveringstradisjonen til scena!
Knut Buen står for mange som sjølve symbolet på norsk folkemusikk. Heilt sidan 1960-talet har han sett djupe avtrykk i norsk kulturliv som hardingfelespelar, tradisjonsformidlar, folkeminnesamlar og engasjert kulturdebattant.
Knut Buen
Kenneth Lien, NMH
Ester Thunander, NMH
Levina Storåkern, NMH
Merk! Avgrensa tal på plassar i Sævelid, så ver tidleg ute for å sikre deg plass!
«Meistertimen» er særskilt støtta av Norsk senter for folkemusikk og folkedans