Lastar Hendingar

Klubbkveld | Hoven Droven | Huskort

Foto: Marlene Nilssen
fre 25. okt 2019
20:00

På fredagskvelden i Gamlekinoen får me møte tre ulike band som på ulike måtar rører seg i skjeringspunktet mellom folkemusikk og rock. Her får gamle tradisjonar ein ny vri, og masse energi!

Svenske HOVEN DROVEN kombinerer melodikjensle frå folkemusikken med energi og gitarvreng frå moderne hardrock på ein måte som har fenga konsertpublikum og platelyttarar over heile verda sidan tidleg 90-tal. Korleis ville Jimi Hendrix traktert ei hardingfele? Hoven Droven er nok ikkje så langt unna å ha svaret!

Merk:  Det vil bli solgt huskort til Gamlekinoen fredag kveld. Det er ikkje mogleg å kjøpe enkeltbillett til kvar einskild konsert denne kvelden. Skrekk og Guro opnar kvelden i foajéen kl.20 og Valkyrien og Hoven Droven held fram i storsalen. Dørene opnar kl.18.30. Sal av mat og god drykk!