Lastar Hendingar

Dextraførespel – unge utøvarar møter Erlend Apneseth

Dextra Unge Utøvarar web
fre 25. okt 2024
16:15

Billettar

Enkeltbillett "Synnøve Plassen feat Røine/Norbakken" eller festivalpass gir inngang til førespelet. Du kan kombinere pass med plassbillett for å vere sikker på å få plass.

Unge hardingfeleutøvarar frå Voss, Granvin og Ulvik har gjennom Dextra Musica si satsing på unge utøvarar hatt workshops med felespelaren Erlend Apneseth der dei mellom anna har hatt fokus på lyarslåttar i samspel, slåttar på huldrestille, samt improvisasjon og ei friare tilnærming til folkemusikken. No er dei klare for å vise festivalpublikummet noko av det dei har jobba med denne våren og hausten.

Erlend Apneseth – hardingfele
Askil Halrynjo Bere – hardingfele
Anne Margrethe Emmerhoff – hardingfele
Jonas Tveite Haug – hardingfele
Halvor Heierland Farsethås – hardingfele
Anders Møen Mjelde – hardingfele
Åsmund Røynstrand – hardingfele

Billettar: Denne programposten er eit førespel til konserten «Synnøve Plassen feat. Norbakken/Røine». For å kome inn på førespelet må du ha festivalpass eller enkeltbillett til «Synnøve Plassen feat. Norbakken/Røine». Eit avgrensa tal plassbillettar til Synnøve Plassen feat. Norbakken/Røine i sal på TicketCo. Det vil ikkje vere pause mellom førespel og konserten.

Prosjektet er særkilt støtta av Sparebankstiftelsen DNB – Dextra

Foto: Per Finne