Lastar Hendingar

Flit

Flit web(1)
sun 25. okt 2026
10:30

Billettar

Festivalpass, dagspass sundag eller enkeltbillett. Har du pass kan du sikre deg plass ved å kjøpe plassbillett (avgrensa tal i sal på TicketCo)

Tre musikarar, tre instrument, tre heimland. Sundag morgon fyller musikantane frå Shetland, Norge og England scena i Osasalen som trioen FLIT. Kvar for seg er dei særs distinkte stemmer på den europeiske folkemusikkscena. Saman vil dei med sitt initrikate melodiske samspel, luftige teksturar og eit felles ynskje om å lytta og respondera i augneblikket, ta deg inn i drivande slåttar og stemningsfulle lydlandskap og gje deg ei dynamisk og engasjerande liveoppleving.

Guro Kvifte Nesheim (Noreg)- hardingfele
Amy Laurenson (Shetland) – piano
Will Pound (England) – munnspill/torader