Lastar Hendingar

Dei nye romkameratane

Dei nye romkameratane web
lau 24. okt 2026
12:45

Garasjen

I 1996 kjøpte Stian Carstensen ein kassett med Filip Simeonov i eit vegkryss i Bulgaria. Då musikken strøymde ut frå høgtalarane i bilen, vart han så oppslukt at han køyrde av vegen. Etter at han vart hjulpe opp frå grøfta, sette han kursen mot Filips landsby Trastenik. Dette gjorde han etter tips frå pumpebetjenten på næraste bensinstasjon som han viste kassettcoveret til. For, i Bulgaria veit alle kven Filip er. Stian inviterte Filip på turné, og i år feirar dei heile 30 år med samspel.

Filip sin familie har 300 år lange tradisjonar som musikarar. Han har tyrkiske og romske anar, uten at han er heilt sikker. Som han sjølv seier; eg er vel noko midt i mellom ein hest og eit esel, men fyrst og fremst speler eg klarinett som eit helvete! Filip er heilt sentral i bulgarsk musikkhistorie og har i ei årrekke reist verda rundt med bandet Taraf de Haidouks.

Ceko er femte generasjons trommeslagar fra Sliven i Bulgaria og er ein av dei mest ettertrakta musikarane i landet når det kjem til bulgarsk bryllupsmusikk. Han har ein eksplosiv spelestil med avanserte polyrytmiske utbrot, og ein uslåeleg groove som sitt varemerke.

Stian er kjent som ein multiinstrumentalist og komponist i bandet Farmers Market og har vore sentral i norsk og internasjonalt musikkliv sidan 1981. Han speler alt fra jazz til klassisk, folkemusikk, bluegrass, balkan og country. Improvisasjon er Stians modus operandi, og ein av hans absolutte favorittsyslar er å setja reptilhjernen på kok saman med Filip Simeonov. Den musikalske dugnaden med dei to er alltid spontan og frisk med både bulgarske inn – og utfall.

Publikum kan venta seg en seanse der artistane både står og balanserar på kvarandre sine skuldre med musikalsk magi for både auge og øyre.

Stian Carstensen – trekkspel
Filip Simeonov – klarinett
Ceko Pamukov – trommer