Lastar Hendingar

Dansekveld på Akademiet

bolyckligs_pressbild3
lau 26. okt 2019
21:00

ca. 21.00: Offisiell opning av Bygda dansar Hordaland
Skolisseklippinga vil finna stad i Osasalen på starten av dansen (etter at det har blitt rigga om til dansegolv etter konserten med  Rydvall og Mjelva) 

Bo Lyckligs Gammeldansorkester består av medlemmer frå Hoven Droven – ja, dei er vel strengt tatt det same bandet. Men der Hoven Droven køyrer på med vrenggitar og rocka arrangering held Bo Lyckligs det akustisk, med trekkspel og kontrabass, under mottoet: «Äkta gammeldans – no bull!». Denne gjengen treng ikkje elektrisk hjelp for å skape trøkk og driv!

Gamlebanken Spelemannslag er kjende for å spele runddans med sving, snert og drivande dansetakt. I si etter kvart rikhaldige samspelkarriere har laget halde konsertar høgt til fjells, vunne lokale, nasjonale og nordiske meisterskap i folkemusikk, og laga liv på gyngande dansegolv landet over. Knyt på dykk danseskoa og bli med på leiken!

MERK: Du kan kjøpe kombibillett til Rydvall/Mjelva & Dansekveld på Akademiet kr.  350,-