
Stikk innom: Huldernatt
Stikk innom for ei musikalsk førestilling med lokale slåtte- og songskattar frå Lom og Garmo. Her vert gamle historiar etter budeia fletta saman med fele, vokal, trekkspel og dans. Med lange fletter og rondastakk med hale under, vil desse tre huldrene formidla mykje av musikken til Hans W. Brimi, som var svært inspirert av både budeiene, huldrene og tussfolket.
Sidebaren er open før og etter konserten. På Brimi Sæter blir osten dei produserer passa på av hulder og tussfolket som bur på sætra. Etter konserten vert det smaksprøver og sal sæterosten i Siderbaren
Lina Brenden – skodespel, song
Hanne Kjøk – skodespel, song
Synne Kjøk – skodespel, song
Konserten er i Storstova, inngang oppe på Ole Bull Akademiet
Konsertlengde: 30 min.
