
Osavandring
Pass + evt. plassbillett / enkeltbillett
Turleiar og kjentmann Eirik Helleve tek deg med gjennom gamle Vangen og byr på små og store smakebitar frå lokalhistoria. Du får høyra om personar som har sett spor etter seg, du får høyra om korleis både jernbanen og andre verdskrig var med på å endra Vangen, og du får sjølvsagt høyra litt om meisterspelemannen Ola Mosafinn.
Eirik Helleve er styrar ved Voss folkemuseum og var redaktør for boka Vandringar på Vangen (2021).
Praktisk:
Oppmøte utanfor Turistinformasjon ved Voss stasjon. Kom gjerne nokre minutt før avgang for scanning av billett. Dette vert ein perfekt start på dagen! Vandringa startar presis og varer i 45 minutt og ender akkurat opp i tide slik at du kan høyre Nils ØKland solo i Vangskyrkja 10.30.
