Lastar Hendingar

Nils Økland solo

Nils Økland Solo web 2
lau 24. okt 2026
10:30

Billettar

Festivalpass, dagspass laurdag eller enkeltbillett. Avgrensa tal plassbillettar for deg med festivalpass.

«Musikken går rett i ryggmargen og vert der». Dette vart skrive då Nils Økland sin solodebut «Blå Harding» kom for 30 år sidan. Plata traff ikkje berre anmeldarar og publikum, men nådde ut til generasjonar av felespelarar, som henta inspirasjon frå nyskapinga til sin eigen musikk. Blå Harding var i 1996 eit radikalt brot med den gjennomgåande slåttestilen, og sikrar du deg plass til Nils Økland i Vangskyrkja får du høyre musikk både frå «Blå Harding» og frå det kristikarroste soloalbumet «Monograph». Her krysser Økland grenser mellom norsk folkemusikk, improvisasjon og samtidskomposisjon, fremført på hardingfele, fiolin og viola d’amore.

Nils Økland har markert seg som ei av dei mest nyskapande stemmene innan moderne folkemusikk. Han meistrar hardingfele, fiolin og viola d’amore, og kombinerer tradisjonelle norske folketonar med improvisasjon og samtidskomposisjon. Resultatet er ein særeigen musikalsk balanse mellom det jordnære og det meditative.

Nils Økland – hardingfele, fiolin og viola d’amore
Sigbjørn Apeland – orgel, er gjesteartist.

Konsertlengde: 50 min.

Foto: Agnete Brun