
Introfolk-konserten
Introfolk er eit mentor – og utviklingsprogram frå FolkOrg for unge musikarar og dansarar innan norsk og samisk folkemusikk og –dans. Seks utvalde artistar får tett oppfylging, og under finalen på Folkelarm i november vert Årets unge utøvar 2026 kåra.
Med:
Hannah Moira Midtbø-Bruner (Osterøy) og Ivar Blekastad Haugen (Innherred) – ein fele/hardingfele- og trekkspelduo som fokuserer på nykomponert folkemusikk gjennom samspel, arrangering og god dansetakt. Duoen utforskar musikk frå heile landet, både som solistar og i samspel, og dei har eit breiddt repertoar.
Magnhild Garnås Haugen er folkesongar frå Hjartdal i Telemark. Ho lærte å kveda heime som lita, og ho har på kort tid utmerkt seg på konsert- og kappleiksscena. Haugen brenn for å for å formidla historiane bak musikken gjennom songen.
Sindre Tronrud er ein hardingfele- og felespelar frå Fagernes i Valdres, med djupe røter i folkemusikktradisjonen frå heimtraktene. Tronrud er kjent for eit sterkt tradisjonsfundament, kombinert med eit personleg og uttrykksfullt spel.
Suigard – ein duo i spagat mellom nyskaping og tradisjon, med hardingfele og gitar. Sunniva Langås-Røiland frå Bø og Vegard Hosarøygard frå Lom komponerer musikken sjølv, med eit særskilt fokus på folkemusikalske dansetaktar. Suigard ønskjer å lage musikk i ny tradisjon — som får det til å rykkje i dansefoten.
Vilde E. Westeng er folkedansar med røter i tradisjonane frå Telemark. Ho kombinerer dans og eigne skrivne tekstar med personlege forteljingar i ei scenisk form. Westeng vil vise at tradisjon ikke berre er noko som skal bevarast, men som kan nyttast til å uttrykkje tankar, erfaringar og kjensler i vår eiga tid.
Åsmund Farstad frå Volda har dei siste åra jobba med å grave fram gamal folkemusikk frå heimtraktene sine, Sunnmøre og Nordfjord. For å nå inn til dei gamle tonane spelar han på gamalt utstyr. Salmar, hallingar, bruremarsjar og springarar gir han inspirasjon til å eksperimentere og improvisere med musikken i nye former og på sin eigen måte.
Programmet er støtta av Sparebankstiftelsen og Talent Norge.
