Lastar Hendingar

Synneva & Irene: KVARANDRE

Synneva & Irene Kvarandre web 1,1
sun 25. okt 2026
13:30

Billettar

Festivalpass, dagspass sundag eller enkeltbillett. Har du pass kan du sikre deg plass ved å kjøpe plassbillett (avgrensa tal i sal på TicketCo)

Søndag skal dikta til ein av Voss sine mest kjende lyrikarar, Signe Seim, tonesetjast av sambygdingane Irene Tillung og Synneva Gjelland. Forfattarskapen til Signe Seim er stor og mange av dikta hennar resonnerar djupt med oss om menneska i møte med natur, både dei store urokkelege fjella og den vetle tandre kvitveisen. Ho skildrar på stillferdige måtar korleis viktige kampar kan vinnast når folk finn saman – når me finn kvarandre. Irene og Synneva vil med dikta til Signe Seim i nye tonar minne oss om at når me går urolige tider i møte og splittande krefter veks, er det viktig at menneska finn tilbake til kvarandre.

Duoen har lang fartstid som musikarar og har skrive musikk for andre og til eige bruk. Seinast til Osafestivalen i 2025 skreiv Irene musikk til framsyninga om Hustveit. Tidlegare har ho skrive musikk til m.a. Vossa Jazz, Førdefestivalen og til TV-serien om Einar Gerhardsen. Synneva har ein fot i bondeyrket og ein fot i musikken, blant anna som vokalist og instrumentalist i det kompromisslause bandet Sliteneliten. I 2022 vitja ho Osafestivalen med eigne tonesetjingar av Halldis Moren Vesaas-dikt.

Synneva Gjelland – vokal, piano, gitar
Irene Tillung – trekkspel, melodika, vokal

Konserten er tinga av Osafestivalen