Lastar Hendingar

The Bulgarian Voices – Angelite

Bulgarian Voices Angelite web 1
sun 25. okt 2026
16:30

Billettar

Festivalpass, dagspass sundag eller enkeltbillett. Har du pass kan du sikre deg plass ved å kjøpe plassbillett (avgrensa tal i sal på TicketCo)

Rått, presist og gripande. Opplev ei av dei mest særeigne stemmene i europeisk vokaltradisjon. The Bulgarian Voices – Angelite tek deg inn i eit akustisk klangunivers der eldgamle bulgarske songtradisjonar, forma av ritual, årstider og levd liv, møter nye musikalske uttrykk i vår eiga tid. Sidan gjennombrotet på 1980-talet har koret trollbunde publikum på store internasjonale scener verda over. Velkomen til ei konsertoppleving utanom det vanlege i Nain festivalsundagen.

Gjester: «Dei syngjande»
«Dei syngjande» er ein møtestad der ein tek vare på, utforskar og gjev nytt liv til folketonar, identitet og stemmer frå fortida. Her møter me folkesongarar og repertoar frå ulike delar av Vestlandet, særleg frå Voss og Hardanger. Songane vert framførte både solistisk og i samsong – ikkje som eit tradisjonelt kor, men som eit levande fellesskap der omsorg, meistring og songglede får vekse fram. Resultatet er ei varm og kraftfull samling av nokre av dei finaste songane og songarane vestlandstradisjonen har å by på.

Foto: René Passet