- Denne hending er over.
Steinar Ofsdal – kinesiske bordvers
27. oktober 2019 kl 10:00
kr 220Steinar Ofsdal speler kinesiske bordvers på bawu, erhu , xiao, xun, dizi, hulusi og guzheng.
Heilt sidan 1960-talet har Ofsdal gjort norsk musikkliv rikare frå scenekantar og platespelarar med mangslungen fløytekunst, omfattande kunnskap og stor formidlingsglede. I 1970-åra blomstra ei ny interesse for folkelege fløytetradisjonar her i landet. Ofsdal var ein av dei unge musikarane som fatta sterk interesse for den gamle sjøfløytetradisjonen. Teknikken, stilen og klangane Ofsdal utvikla i møte med eldre sjøfløytemeistrar har farga spelemåten hans i utforskinga av andre fløytetyper frå andre verdshjørne. Han har utvikla stor interesse for og erfaring med kinesisk musikk – så mykje at han faktisk har fått eit eige kinesisk namn: 阿福 (A Fú).