Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

To soger – to songarar | Berit Opheim – «Tre vakre vener» | Huskort el. enkeltbillett

27. oktober 2019 kl 12:30

kr 220

I konsertframsyninga «Tre vakre vener» presenterear Berit Opheim forteljingar om, og songar etter Margreta Opheim, Olav O. Fletre (Voss) og Ragnar Vigdal (Luster i Sogn). Berit Opheim sjølv seier dette om framsyninga:

– Desse tre reknar eg som mine hovudkjelder innan folkesongen, og dei har betydd veldig mykje for meg på mange måtar, med sin generøsitet både menneskeleg og musikalsk. Eg syng folketonar eg har lært hjå mine tre hovudkjelder, og samstundes fortel eg om mine møte med dei. Eg inviterer dei på middag rundt eit pådekka bord til fire.

– Margreta, Olav og Ragnar var i musikken sin på eit lidenskapleg vis, dei var på mange måtar songane dei song og dei levde i ei tid som for meg var eit stort privilegium å få eit innblikk i, og som det er viktig å fortelja om i vår tid.

Merk: På Ticketco kan du kan kjøpe huskort som  gjeld for begge soloførestillingane «Stilt trør kvinner i sørgedans» og «Tre vakre vener» i Osasalen sundag for kr. 350,-

Detaljar:

Dato
27. oktober 2019
Tid:
12:30
Billettpris:
kr 220
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2019

Arrangør

Osafestivalen

Lokale

Osasalen
Strengjarhaugen 6
Voss, Norway
+ Google-kart