Lastar Hendingar

Soloscena «Bjølleslåtten»

Kom tett på fleire av musikarane som er på Voss under festivalen! Gjennom musikalske innslag og samtale med kafévert Nils Kvamsdal, Avisa Hordaland, får me eit innblikk i tradisjonsmusikken si stilling i samtida og blir betre kjende med artistane bak tonane. Kvifor er det så viktig å halde i hevd folketradisjonar, og i kva grad lyt ein tolke og fornye denne kulturen, for å nå ut til samtida?

Artistar i sofaen:
Rannveig Djønne, toradar
Erik Rydwall, nøkkelharpe
Tellef Kvifte, sekkepipe
Kristine West, fløyte
Wolfgang Plagge, piano
Knut Buen, hardingfele
Jens Linell, tamburin
Poul Høxbro, fløyte/tromme

Kafévert: Nils Kvamsdal, Avisa Hordaland

MERK
Få plassar, så sikre deg billett tidleg.
Fingermat frå Tre Brør Kafé er inkl. i prisen

Soloscena «Bjølleslåtten» er eit samarbeid mellom Osafestivalen og Avisa Hordaland