Ungosa
Helgekurs for barn og unge under Osafestivalen
Er du glad i å syngje, eller kanskje du likar å dansa? Spelar du hardingfele, toradar eller eit anna instrument som t.d. gitar? Om du svarar «ja» (på eit - eller fleire - av desse spørsmåla) så meld deg på årets UngOsa!
Osafestivalen og hardingfela.no ynskjer velkomne til UngOsa for 8. gong! Helgesamlinga er unik i sitt slag i den sørlege delen av Vestland fylke, og me inviterer unge songarar, instrumentalistar og dansarar frå 7 til 18 år til å bli med oss denne helga.
UngOsa-deltakarane får delta på konsert og dans under festivalen, og dei skal også ha sin eigen konsert, sundag, som avslutting på helga. Elles vert det sjølvsagt mykje sosialt og moro heile helga igjennom! Hiv dykk med!
Ope for utøvarar mellom 12-18 år som har spelt ei stund. Døme på instrument: gitar, bass, hardingfele, toradar, trekkspel m.m.
ÅRETS INSTRUKTØRAR
Song: Elin Pehrson Grytting og Lars Fivelstad Smaaberg
Toradar: Håvard Ims og Andreas Kollvangsnes
Hardingfele: Åslaug Timenes Bell, Steinar Rygg og Britt Pernille Frøholm
Dans: Ådne Geicke Kolbjørnshus
Samspel: Annlaug Børsheim
DELTAKARPRISAR
1295,- deltaking med overnatting på Voss Vandrarheim, måltider og inngang utvalde arrangement festival
995,- syskenmoderasjon deltaking med overnatting (deltakarpris for sysken nr 2, 3...)
795,- deltaking utan overnatting, men med middag fredag og laurdag, og inngang utvalde arrangement festival
2300,- overnatting 2 døgn for fylgje inkludert alle måltid
PÅMELDING
For å melde deg på må du fylle ut påmeldingsskjema og betale kursavgift i TicketCo
Påmeldingsfrist 20. september.
Merk at plassane fyller seg raskt opp, så ikkje vent for lenge med å melde deg på.
Foto: Elisabeth Emmerhoff