Personvernerklæring Osafestivalen

Her kan du lesa om korleis Osafestivalen samlar inn, tar vare på og brukar personopplysningar. Osafestivalen rettar seg etter dei til ei kvar tid gjeldande reglar når det gjeld personopplysningar.

Behandlingsansvarleg

Behandlingsansvarleg, representert ved dagleg leiar, er ansvarleg for behandling av personopplysningar hjå Osafestivalen.

Kontaktopplysingar:
Osafestivalen
Strengjarhaugen 6
5700 Voss
Tlf. 56 51 65 00
E-post: ida@osafestivalen.no

Kjøp av billettar

TicketCo er Osafestivalen sin tenesteleverandør på billettsal til konsertar og andre tilskipingar i regi av Osafestivalen. Eigen avtale om personvern gjeld mellom billettkjøpar og TicketCo. Sjå her for denne avtalen.

Osafestivalen har høve til å få utlevert personopplysningar som namn, e-postadresse og telefonnummer som dei som er registrerte som billettkjøparar har oppgjeve til TicketCo. Dette må me ha tilgang til for å kunna sende viktig informasjon om tilskipingar, ved t.d. endring i konserttid.

Elektronisk nyheitsbrev

Osafestivalen, v/behandlingsansvarleg, sender nyheitsbrev med marknadsføringsinnhald til gjester som har gitt samtykke til dette. Det gjer du ved å melde deg på nyheitsbrev på osafestivalen.no, ved billettkjøp hjå TicketCo eller ved å be om å få tilsendt program eller speleplan elektronisk. Du kan avslutte tenesta nyheitsbrev kor tid som helst ved å trykke lenka «Du kan melde deg av epostlista vår her» som står nedst i alle nyheitsbrev, eller ved å ta kontakt med Osafestivalen direkte.

Besøk på heimesida

Det er frivillig for dei som besøker heimesida vår å gje oss personopplysningar i samband med tenester som t.d. å få tilsendt nyheitsbrev.

Opplysningar som vert samla inn i samband med drift av heimesida vert lagra på eigen server som vert drifta av leverandøren vår. Det er berre Osafestivalen og underleverandør som har tilgang til opplysningane som vert samla inn. Du finn meir informasjon om personvern og personvernrelaterte saker hjå datatilsynet.no.

Informasjonskapslar og nettstatistikk

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på datamaskina di når du lastar ned ei nettside. Cookies er knytt til IP-adressa di og ikkje til personlege opplysningar. Osafestivalen kan ikkje spore besøk på osafestivalen.no tilbake til deg som enkeltperson.

Osafestivalen kan ved hjelp av cookies samla inn anonymiserte opplysningar om besøkande på osafestivalen.no. Dette gjer me for å kunna hugsa val du har gjort på heimesida. Då kan me gjera sida meir brukarvenleg, forstå korleis besøkande nyttar tenestene våre og korleis me basert på dette kan forbetra brukaropplevinga og vidareutvikla informasjonstilbodet på heimesida vår. Eksempel på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøker heimesida, kva sider som vert besøkte, kva nettside ein kjem frå og kva nettlesar ein brukar. Dette gjer at seinare besøk på heimesida kan gå raskare og meir tilpassa den besøkande.

Verktøyet som vert nytta til dette arbeidet er Google Analytics. Les meir om Google Analytics her.

Les gjerne meir om korleis du administrerer informasjonskapslar på nettvett.no.

Ved å bruka osafestivalen.no godtar du at me nyttar informasjonskapslar som nemnt ovanfor.

Innsyn, endring og sletting av informasjon

Du har rett til å få opplyst kva personopplysningar me har registrert om deg. Dersom desse er feil, ufullstendige eller ikkje relevante kan du krevja at dei vert retta eller sletta i samsvar med gjeldande lov. Ta i så fall kontakt på ida@osafestivalen.no. Dersom nødvending vil me be deg om å legga fram legitimasjon eller annan informasjon som stadfestar identiteten din før endringar eller sletting kan gjennomførast.