Voss Sparebank – ny generalsponsor

To månader att til festival, og me er utruleg glade og stolte over å kunne presentere Voss Sparebank som ny generalsponsor for Osafestivalen! Voss sparebank og Osafestivalen har, kvar på sin kant og med utgangspunkt i sine verksemdsområde, samanfallande interesser og mål i å la tradisjon og samtid spela på lag. Voss Sparebank har vore pådrivar og støttespelar for kulturlivet og anna lagsliv på Voss gjennom lang tid – også for Osafestivalen. Når banken no aukar støtta til festivalen kan me styrke festivalen sin posisjon som kulturelt kraftsenter for folkemusikk i Vestland og nasjonalt. Dette vert utan tvil eit stort løft for Osafestivalen!

Foto: Sverre Hjørnevik