
UngOsa helgekurs

Glad i å syngja, eller kanskje du likar å dansa? Spelar du harding- fele eller toradar? Meld deg på årets UngOsa! Helgesamling for unge felespelarar, songarar, to- radarspelarar og dansarar frå 7 til 18 år! UngOsa-deltakarane får delta på konsert og dans under festivalen, og dei skal også ha sin eigen konsert, sundag, som avslutting på helga. Elles vert det sjølvsagt mykje sosialt og moro heile helga igjennom! Hiv dykk med!
Ope for utøvarar mellom 12-18 år som har spelt ei stund. Døme på instrument: gitar, bass, hardingfele, toradar, trekkspel m.m.
INSTRUKTØRAR
Hardingfele:
Maria Vaaje
Ragne, Valde Sletten
, Lajla Renate Buer Storli
Toradar:
Leif Ingvar Ranøien,
Mads Erik Odde
, Kristin Giljarhus
Song: Une Lorentze Onarheim, Solbjørg TveitenDans: Håkon Odden,
Jon Bugge Mariussen
Samspel:
Steinar Odde
DELTAKARPRISAR
1295,- deltaking med overnatting på Voss Vandrarheim, måltider og inngang utvalde arrangement festival
995,- syskenmoderasjon deltaking med overnatting (deltakarpris for sysken nr 2, 3…)
895,- deltaking utan overnatting, men med middag fredag og laurdag, og inngang utvalde arrangement festival
2300,- overnatting 2 døgn for fylgje inkludert alle måltid
PÅMELDING
For å melde deg på må du fylle ut påmeldingsskjema og betale kursavgift i TicketCo
Påmeldingsfrist 1. oktober. Merk at plassane fyller seg raskt opp, så ikkje vent for lenge med å melde deg på.
Tusen takk til UngOsa sine hovudsponsorar: Voss Sparebank og Vekselbanken