Lastar Hendingar

Opning av Siderbaren & minikonsert med Tøyr

Tøyr web
tor 22. okt 2026
19:00

Billettar

Gratis inngang

Stikk innom Osafestivalen sin Siderbar i Salongen på Ole Bull Akademiet – ein møteplass med lokal sider og spekemat. Siderbaren held ope gjennom heile festivalhelga, med opning torsdag kveld.

Opningstonar frå Tøyr – fire unge folkemusikarar som alle har tilknyting til Ole Bull Akademiet. På instrumenta fele, cittern, trekkspel og song står dei sterkt i sin lokale bygde- og runddanstradisjon frå Innherred, Gudbrandsdalen og Sunnmøre. I gruppa Tøyr møtest dei med mål om å skapa ny musikk i dei tradisjonelle danserytmane – til glede for både dansarar og tilhøyrarar.

Iselin Anna Aukrust – fele/vokal
Ivar Blekastad Haugen – trekkspel
Semon Harerusten – cittern/mandolin/gitar
Solveig Eide Grønningsæter – fele

Konserten er i Storstova, vegg i vegg med Salgonen der Siderbaren held til, inngang oppe på Ole Bull Akademiet.