
STIKK INNOM SYLVSMIDJA: OMVISING + VERKSTADSKONSERT
Gratis, omvisinga startar presis.
Sylvsmidja er tufta på lange handverkstradisjonar. Med kjærleik til faget har dei i over 85 år laga blenkjande bunadsølv og moderne smykke i verkstaden på Voss. Opplev handverket og livet i verkstaden på nært hald.
Bli med på omvising og verkstadkonsert med Spelemannslaget «Ny i bygda»!
Osafestivalen og Sylvsmidja deler ei sterk forankring i norske tradisjonar, samtidig som me begge er opptekne av å vera nyskapande og halda kulturarven levande og relevant. For Sylvsmidja handlar det om å ta vare på tradisjonane ved å bruka, utvikla og løfta dei fram. Difor er det naturleg for oss å støtta ein festival som byggjer bru mellom tradisjon og samtid.
– Trond Syversen, dagleg leiar i Sylvsmidja
Foto: Sylvsmidja
