Lastar Hendingar

Stikk innom: Morgondagens felemakarar

morgondagens felemakarar web
lau 25. okt 2025
14:15

Billettar

Arrangementet er gratis. Få plassar, kom tidleg for å sikre deg plass.

Tålmod, tid og kunnskap. Å byggje ei hardingfele tek tid, og det er særs få som har denne kunnskapen, tålmoda og tida i Noreg i dag. Ein gjeng unge hardingfeleutøvarar frå Voss spelemannslag og Hardange Spelemannslag (HardingFolk) har over fleire år bygd sine eigne hardingfeler under rettleiing av felemakarane Wiebke Lüders og Lukas Pawelka ved Felemakeriet på Ole Bull Akademiet. No inviterer ungdommane deg inn felemakeriet for å sjå og høyre.

Velkomen inn!

Prosjekt i regi av Hardingfela.no

Foto: Ingerid Jordal