Osavandring
Enkeltbillett , dagspass laurdag eller festivalpass. Høve til å kjøpe plassbillett for deg med pass for å sikre deg plass.
Turleiar og kjentmann Eirik Helleve tek deg med gjennom gamle Vangen og byr på små og store smakebitar frå lokalhistoria. Høyr om meisterspelemannen Ola Mosafinn, om det merkverdige livet til Larsine Schlanbusch, og om rolla Voss Sparebank spelte då Voss herad kjøpte tilbake Vangskyrkja i 1864.
Oppmøte: Voss stasjon, ved Gondolbygget
Vandringa vert avslutta med ein minikonsert i Voss Sparebank med svenske TRIAKEL kl. 10:40
Konserten er open for alle med festivalpass eller dagspass dersom ledig kapasitet.
Eirik Helleve er styrar ved Voss folkemuseum og var redaktør for boka Vandringar på Vangen (2021)