
Osaseminaret 2024: Svingande tradisjonsmusikk!

Årets seminar er eit tilbod til unge, dedikerte folkemusikarar som ynskjer påfyll og utvikling som utøvarar, og hovudfokus blir musikk med rytmisk appell – runddans, slåttetralling og songleikar. Vi feirar også langeleikåret! Det blir ei eiga langeleik- gruppe, medan songarane vil vere samla i ei gruppe, og felespelarar og andre instrument i ei tredje. Noko arbeid vil gå på tvers av grupper. Det meste av tida blir det innlæring av tradisjonsstoff og samspel, etter korte innleiingar av instruktørane. Velkomen til eit seminar det svingar av!
Instruktørar
Ingrid Lingaas Fossum – langeleikgruppa
Linda Røyseth Sandhåland – songgruppa
Ingrid Schei Stuhaug, Arne Anderdal, Håkon Asheim – feler/hardingfeler og andre instrument
Praktisk informasjon
Kurset er gratis.
Påmelding og meir informasjon om programmet – kontakt kurskoordinator Ingrid S. Sørheim: ingrid.sorheim@hotmail.com
Avgrensa tal plassar
Om instrukatørane
Ingrid Lingaas Fossum (langeleik) har teke instrumentet sitt og Valdres- tradisjonen inn i mange nye samanhengar, i samspel med andre instrument og sjangrar. Ho syng òg mykje med eige tonefølgje på langeleik. Som den første har ho teke bachelorgrad ved Ole Bull Akademiet med langeleik som hovudinstrument. I år er ho sterkt involvert i langeleikjubileet 1524–2024 – så kanskje vi alle får lære ein langeleiklåt?
Ingrid Schei Stuhaug (hardingfele) har lang røynsle både som utøvar, pedagog og administrator på folkemusikkfeltet. Er for tida rektor i Stryn kulturskule. Ingrid er oppteken av å få fram alt det fine som finst av runddansmusikk for fele, ikkje minst frå heimtraktene i Sunnfjord. Og det er ikkje lite!
Linda Røyseth Sandhåland er ein kvedar i fremste rekke. Nyleg har ho saman med Kjersti Wiik stått for den banebrytande nettutgjevinga «Barnesongboka», med eit rikt utval barnesongar frå Strilelandet som på denne måten har blitt tilgjengelege for alle. Ho vil fortelje meir om dette spennande prosjektet i seminaret. Linda har utdanning frå Ole Bull Akademiet.
Arne Anderdal (hardingfele) er ein framståande representant for folkemusikken frå Hallingdal, med fleire plateutgjevingar og lang røynsle som utøvar og pedagog bak seg. Han har arbeidd på Ole Bull Akademiet på Voss i mange år. Arne har forska på runddansmusikken i heimtradisjonen, og har teke fram mykje musikk som har vore lite framme i lyset tidlegare – og denne får vi smakebitar av i seminaret!
Håkon Asheim (hardingfele, fele) er utøvar i Valdres-tradisjon. Han gav ut soloplata «Ulrik» i 1992, har gjeve konsertar og halde kurs i inn- og utland, og trivst kanskje aller best med å spele til dans. Sidan 2003 har han vore studieleiar på Ole Bull Akademiet, med organisering av Osaseminaret som ei av sine faste oppgåver.
Arrangert i samarbeid mellom Osafestivalen og Ole Bull Akademiet.
Støtta av Sparebankstiftelsen DNB, som òg lånar ut instrument til tre av instruktørane frå si samling (Dextra Musica).