
Osaseminaret
OPP PÅ SCENA OG UT TIL FOLKET!
Over 18 år og ivrig folkemusikar, -dansar eller -songar og bruker mykje av tida di på musikken? Bli med på Osaseminaret!
Tema i år: Korleis vi formidlar tradisjonsmusikken og -dansen og får med oss publikum, anten det er på ei scene, ein institusjon, skule eller kor det måtte vere. Her vil du få nyttig kunnskap og inspirasjon til å stå fram med di eiga utøving! Seminaret har ei praktisk vinkling, og instruktørane er mellom dei beste på feltet.
Elisabeth Syrdahl Ellingsen har utdanning i musikkteater frå London og jobbar frilans med base der, men har bakgrunn i norsk folkemusikkmiljø som dansar og songar. Ho underviser med jamne mellomrom i dans på Ole Bull Akademiet.
Sivert Holmen er aktiv frilansmusikar på hardingfele, med sans for kreative formidlingsprosjekt. Han held for tida på med doktorgradsutdanning ved Norges Musikkhøgskole, der han òg tok mastergraden.
Anna Fält frå Finland er folkesongar med eit stort uttrykksregister. Ho har i mange år vore turnerande songar med utgangspunkt i den svenske og finske profesjonelle folkemusikkscena. Ho har mastergrad gjennom fellesprogrammet Nordic Master in Folk Music.
PRAKTISK INFORMASJON
Tid: Kurset går over to dagar, laurdag 9.30–14.30 og sundag 10.00–14.30
Stad: Voss Kulturhus
Kurset er gratis. Opphald og diett vert dekka for dei første 30 som melder seg på.
Avgrensa tal plassar – førstemann til mølla.
Seminaret er eit samarbeid mellom Osafestivalen og Ole Bull Akademiet.
Kurset er støtta av Sparebankstiftelsen DNB, som òg lånar ut instrument til instruktørar på seminaret frå si samling (Dextra Musica).
Påmelding til: oba@olebull.no
