Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Music for a While

26. oktober kl 16:30 - 17:30

Det er nesten freistande å henta fram fotballandslaget sitt slagord «Våre beste menn», når me ser på kva mannskap den prisløna songaren Tora Augestad omgjev seg med i ensemblet Music for A While. Saman har dei gjeve ut albumet Essys.

Repertoaret til Music for A While strekkjer seg over 300 års musikkhistorie. Og uansett om det er Kurt Weill sine kabaretsongar, Monteverdi sin barokk, romantiske songar frå Grieg eller musikk frå det høgklassiske biblioteket, er det Augestad og orkesteret sine unike formidlingsevner som står fram. Utan nymotens fiksfakseriar, gjer dei gammal musikk til noko heilt nytt – berre med ein einestånde musikalitet som einaste «våpen».

Tora Augestad, vokal
Stian Carstensen, akkordeon, pedal steel gitar & banjo
Trygve Brøske, klaver & trøorgel
Martin Taxt, tuba
Pål Hausken, trommer & perkusjon
Trygve Seim, saksofon

Billettar: Festivalpass, dagspass laurdag eller enkeltbillett. Eit avgrensa tal plassbillettar i sal på TicketCo (gjeld for deg med festivalpass eller dagspass)

Detaljar

Dato
26. oktober
Tid:
16:30 - 17:30

Stad

Gamlekinoen
Tjukkebygdvegen 33
Voss, Norway
+ Google-kart