
Kræsjkurs i seljefløytespel
Enkeltbillett kr. 50,-, pass ved ledig kapasitet
Mange har nok prøvd seg på å lage og spele seljefløyte i løpet av livet, men ikkje mange meistrer kunsten like godt som Steinar Ofsdal. Om du er nysgjerrig på korleis han får så god lyd i instrumentet, hiv deg med og lær nokre triks frå ein av dei beste i faget!
Påmelding: kjøp billett til kr. 50,- på TicketCo. Avgrensa tal plassar. Har du festivalpass kan du få plass utan kursbillett dersom det er ledig plass. Møt opp ved kurslokalet og sjekk kapasitet.
Oppmøte ved resepsjonen på Ole Bull Akademiet (inngang oppe)
Foto: Anders Lillebo
