
Jam (pop-up mellom 11 og 16)
					JAM er ei utandørs pop-up-førestilling for eit tilfeldig publikum. Førestillinga utforskar og utfordrar grensene mellom dans som kunstform og sosial dans, med utgangspunkt i klubb- og streetdanskul- turen. Kva er dans? Kven definerer kva dansekunst er og kven som blir represen- tert på ei scene? JAM kan opplevast nært og langt unna, i ti sekund eller 40 minutt. Som publikummar vel du sjølv om du vil sjå eller delta.
Laurdag, pop-up mellom 11 og 16 | Vangen
Koreograf:
Anne Golberg Stavn
Medskapende dansarar:
Rina Abantao
Mathias Jin Budtz
Claúdio Fernandes
Amie Mbye
Chriz Nypan
Eshidoreen Paradiso
Anne Golberg Stavn
Ida Louise Sundby
Jens Jeffry Trinidad
Kostymer:
Sandy Escudero Torres
Musikken er mixa av:
Nikolai Nypan
Støtta av Kulturdirektoratet, Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere og Oslo kommune
Performance under Osafestivalen er støtta av Dansenett Norge
