Lastar Hendingar

Instrumentmakarar i aksjon

Instrumentmakar web
lau 26. okt 2024
13:00

Billettar

Gratis!

Instrumentmakarane inntek Voss bibliotek festivalaurdagen! Sjå korleis konservator Wiebke Lüders og fløytemakarane Stein Villa og Steinar Ofsdal arbeider! Du kan også prøve deg som instrumentmakar!

Heilt sidan 2004 har Ole Bull Akademiet, der Osafestivalen held til, drive ein eigen verkstad for hardingfelebygging og reparasjon av instrument. Her arbeider Wiebke. Verkstaden har vorte ein stad som mange musikarar og andre hardingfeleinteresserte søkjer til. På felemakarverkstaden reparerer dei hardingfeler og andre typar instrument laga av tre, som t.d. instrument frå fiolin-, gitar- eller viola da gamba-familiane. I spesielle tilfelle repararer dei også historiske tangentinstrument som cembalo eller spinett. Målet er å gje instrumenta best mogleg lydkvalitet og at dei skal vera lettspelte, samstundes som ein bevarar instrumentets orginalitet.

Arrangementet er eit samarbeid med Voss bibliotek og Borna sitt turlag på Voss

Varighet: kl.13-15

Gratis inngang!

TIPS: Ta med borna på Osarebusen som startar ved Tintrabrua kl.12.30 og avsluttar ved Voss bibliotek.