
Inge Gjevre & Tom W. Rustad: Durspelet – 160 år i eksil
Årets Osamæle: «Durspelet – 160 år i eksil. Frå sluskeball til kappleiksarena»
Durspelet kom til Noreg allereie kring 1840, og var frå 1860-70 utbreidd over store delar av landsbygda. Inspirert av hardingfelemusikken vart det i denne tida utvikla ein heilt særeigen spelestil som er unik i verdssamanheng. På 1900- talet vart durspel til popmusikk, men enno skulle det gå over 100 år før det vart akseptert som eigen klasse på Landskappleiken!
Rustad og Gjevre tek deg med på ei musikalsk reise der du får oppleve durspelets mangfoldige uttrykk og mogelegheiter; frå dinosaur durspelet (munnharpa) og fram til den posisjonen instrumentet har fått i dag. Og ikkje minst får du høyre om durspelsjarlatanen Gothard Ericsen som hadde sin eigen signaturfrisyre.
Inge Gjevre og Tom Willy Rustad har ulik spelestil, men dei likar begge å vandre mellom det supertradisjonelle og det eksperimentelle. Dei har vunne landskappleiken kring 15 gonger til saman.
Inge Gjevre – durspel
Tom Willy Rustad – durspel
«Osamæle» er Osafestivalen sin faste programpost der me byr på artistane sine røynsle frå og kunnskap om folkemusikken og omkringliggande sjangrar.
