Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Hekate

26. oktober

Hekate gir deg det du endå ikkje veit at du vil ha – kompromisslaus kveding i klubbsetting. Repertoaret består av slåttemusikk frå heile landet, framført vokalt og med improvisasjon som eit av hovudelementa. Hekate er ein nyetablert vokaltrio som utelukkande syng musikk ein kan danse til. Alle tre har utmerka seg som soloartistar på den norske musikkscena. Dei tre stemmene i trioen er både ulike og like, og dette bidreg til å skape eit dynamisk lydbilete med eit breitt spekter av klang. Dei hadde sin debutkonsert på Tuvas blodklubb på Riksscenen, og skapte der eit rom med dans, lytting og begeistring for slåttemusikken. Sidan då har dei vore eit heitt samtaletema i folkemusikkmiljøet i Norge. Trioen har også spilt på Lindmo på NRK.

Detaljar

Dato
26. oktober