Lastar Hendingar

Brun/Sonne/Liahagen/Plassen

Brun_Sonne_Liahagen_Plassen web
lau 24. okt 2026
19:00

Voss idrettshall

Billettar

Festivalpass eller huskort laurdag Voss idrettshall (ikkje enkeltbillett)

Vær så god, fire sterke røyster og fire ulike kvedartradisjonar på ei og same scene. Kvar for seg har Brun, Sonne, Liahagen og Plassen bygd ein karriere som sterke soloutøvarar og viktige tradisjonsbærarar. Dei er alle uredde i granskinga av folkesongen sine yttergrenser, og denne konserten blir ikkje noko unntak. Tradisjonsmateriale vert utforska i nye arrangement med inspirasjon frå tidlegmusikk-, pop- og sjølvsagt den norske slåttemusikken. Resultatet er draumande og drivande.

Martin Steinum Brun – vokal/lyre
Vera Sonne – vokal
Silje Risdal Liahagen – vokal
Synnøve Brøndbo Plassen – vokal