
Barokkanerne: Anachronia
					Opplev eit møte mellom stilretningar og uttrykk i eit mangfaldig og overras- kande barokklandskap! Barokkanerne, under leiing av Jadran Duncumb, presenterer vital 1700-tals- barokk der hovudrolla vert spelt av lutten, gamben og blokkfløyta – instrument som i samtida vart sett på som gamaldagse. Med konsertar og ariar av Kohaut, Lotti, Hasse og Telemann viser solistane Ingeborg Christophersen, André Lislevand, Jadran Duncumb og Johanna Falkinger at instrumenta slett ikkje hadde vorte gamaldagse.
Program 
Lutten var det mest populære instrumentet gjennom 1500-tallet og rådde grunnen på 1600-tallet før det var ute av musikkhistoria i byrjinga av 1800-tallet. Komponisten Georg Philipp Telemann utvikla stilen sin gjennom 1700-tallet. Konsert i a-moll for blokkfløyte, gambe og orkester er den einaste konserten me kjenner for denne besetninga og er ein stor hit på verdas konsertscener med sine melodiøse og svingande satsar. Karl Friedrich Abel var siste store faneberar for gambe på 1700-tallet udøyeleggjort i eit dikt av Goethe og i eit vidgjete portrett av Thomas Gainsborough. Sjølv om stilen til Abel er moderne for si tid, er gamben ein klar anakronisme og vart borte frå konsertscenene då Abel døydde i 1787. Joachim Bernhard Hagen var den siste luttvirtuosen og skreiv luttkonsertar og trioar til sin død i Ansbach i 1794! Dette blir så vidt vi kjenner til ein verdspremiere på hans d-moll konsert som er bearbeidd av Jadran Duncumb frå det originale manuskriptet. Programmet blir avslutta med ein tidleg trio i F-dur av Joseph Haydn for lutt, fiolin og cello. Trioen er eit tidleg verk oppbevart i notesamlinga til nettopp Joachim Bernhard Hagen fra Ansbach og Augsburg. Men trass i tidleg opphav kjenner vi alltid att dei sære, humoristiske trekka til Haydns musikk i luttrio-form (og ikkje piano!).
Saman med mangeårig konsertmeister i Barokkanerne, Huw Daniel, stiller Barokkanerne med eit sterkt lag. Andre Lislevand er ein av dei leiande gambistane internasjonalt i ein ny generasjon av musikarar som er fødde inn i tidlegmusikken heller enn å kome frå moderne instrument. Ingeborg Christophersen er ein av dei beste utøvarane i Noreg og er svært aktiv som kammermusikar og solist.
Georg Philippe Telemann: Suite for gambe og Orkester i D-dur, D56:D6
Ouverture
La Trompette
Sarabande (1 & 2 Alternativement)
Rondeau
Bourrée
Courante e Double
Gigue
Francesco Conti: Il sol nascente
Georg Philippe Telemann: Konsert for blokkfløyte, gambe og orkester i a-moll, TWV52:a1
Grave
Allegro
Dolce
Allegro
Antonio Lotti: Lascia che nel suo viso for sopran og basso continuo
Johann Friedrich Fasch; Konsert for lutt og orkester i d-moll, FaWV L:d1
Allegro
Andante
Un poco allegro
Johann Adolf Hasse: L’Augeletto in lacci for sopran, blokkfløyte og orkester
Medverkande
Johanna Falkinger, sopran
Jadran Duncumb, lutt og leiing
Kinga Ujszászi, fiolin og konsertmeister
Renata Kubala, fiolin
Mari Giske, bratsj
Gunnar Hauge, cello
Andre Lislevand, gambe
Fredrik Blikeng, kontrabass
Christian Kjos, cembalo
Ingeborg Christophersen, blokkfløyte
