Lastar Hendingar

Almir Mešković & Daniel Lazar

Daniel & Amir Web
lau 26. okt 2024
15:00

Billettar

Enkeltbillett, dagspass laurdag eller festivalpass. Avgrensa tal plassbillettar i sal for deg med pass om du vil sikre deg plass.

Musikk frå Balkan bør vera representert når Osafestivalen no feirer 30 år! Og balkansk vert det til gagns når Almir Meskovic og Daniel Lazar set i gang. Med si herlege blanding av folkemusikk og klassisk musikk for akkordeon og fiolin, tek dei publikum med storm. Ikkje minst når dei blandar skandinaviske element inn i musikken sin, og for ikkje å snakka om romfolket sin musikk. Bosniaren Almir og serberen Daniel har reist rundt med musikken sin i meir enn 20 år. Og det var her i Noreg dei møttest og vart kjende – under studietida på Musikkhøgskulen. Samarbeidet var så vellukka at dei I 2022 vann Jeunesses Musicales sin pris for beste konsert tileigna unge lyarar. Også ei rekkje andre prisar har duoen sikra seg, i tillegg til haugevis med toppkritikkar og topplisting av albuma dei har gjeve ut.

Daniel Lazar – fiolin
Almir Meskovic – akkordeon

Billettar: festivalpass, dagspass laurdag eller enkeltbillett