- Denne hending er over.
Prøv deg! Lynkurs i munnharpespel
26. oktober 2019 kl 15:30
FreeGår du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born og vaksne og er gratis.
Vi set munnharpa i fokus under årets festival. Kor vanskeleg er det eigentleg å få den vetle metalldingsen til å låta bra? Lyst til å prøva deg? Bli med på lynkurs i munnharpespel med Kenneth Lien!
Oppmøte i musikalsk prøverom på torget
Avgrensa tal på plassar, så kom tidleg for å sikre deg plass.
Ikkje påmelding, førstemann til mølla.