
Stikk innom: Tett på – Elias Akselsen om taterlivet
Gratis inngang
Eit stykke musikalsk kulturhistorie med impulsar frå nære og fjerne himmelstrok. Elias Akselsen fortel historier og syng eldgamle tatersongar som han lærte gjennom endelause timar på vegen.
Høve til å sjå tradisjonelt taterhandverk og kan hende gjere ein god handel.
Lokale: Storstova, inngang oppe på Ole Bull Akademiet. Siderbaren er open før og etter arrangmentet
Varigheit: 30 minutt, avgrensa tal plassar
Foto: Nina Djærff
