
Rigla
Pass eller enkeltbillett
Rigla er ein sekstett av unge musikarar som har skapt sin heilt eigen sound. Med ei unik besetning smeltar dei tradisjonsmusikk, jazz og visepop om til noko nytt og uforutsigbart. Namnet Rigla stammar frå dialektordet riglafengje, som betyr «ustø». Dei seks musikarane balanserar det skjøre og det kraftfulle, det tradisjonelle og det nyskapande. Få med deg dette musikalske møtet mellom tradisjon og nyskaping i Ungdomhallen på fredag.
Lova Siverts – vokal
Lea Hareide Jønnum – vokal
Ingrid Narum – saxofon
Lars Viljo Fauske – fele, synth
Selma Edwards Granly – kontrabass
Linus Hanem Solvang – trommer
