Lastar Hendingar

Opning av festivalutstillinga

Festivalutstilling Ingrid Helland web
tor 22. okt 2026
18:00

Billettar

Gratis inngang

Årets festivalkunstnar er Ingrid Helland!

Helland er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo innan grafisk design og illustrasjon. Ho arbeider med teikning og grafikk i eit detaljrikt figurativt univers som kombinerer symbolikk og kunsthistoriske referansar. Motiva balanserer mellom det vakre og det urovekkjande, og det som fyrst framstår forlokkande, kan romma ei underliggande uro. Med innslag av galgenhumor og muntermelankoli utforskar kunstnaren ei fabulerande bildeverd der kontrastar møtest. Resultatet er eit biletunivers i stadig røyrsle mellom tradisjon og fornying, alvor og leik.

Musikalske opningstoner og forfriskingar.

I samarbeid med Voss Kunstlag.