
Felemakaren – ei konsertframsyning
«Felemakaren» tek publikum inn i hjartet av felemakarverkstaden. Med utgangspunkt i vossingen Sigvald Rørlien sitt lange virke som felemakar inviterer skodespelar Morten Svartveit og spelemann Alexander Aga Røynstrand til ei reise gjennom treverk, handverk og klang. Med seg har dei eit stjernelag av hardingfelespelarar. Vi følgjer livsløpet til ei hardingfele: frå grantreet i skogen og trestykket som kjem inn i verkstaden, gjennom utforming, høvling, pussing, liming og montering, heilt til bogen møter strengene for første gong.
Sigvald Rørlien er blant landets fremste felemakarar. Han har nettopp fylt 80 år, bygger framleis og held no på med fele nr. 87 i rekka. Denne kvelden kjem tonane frå feler han har laga.
MEDVERKANDE PÅ SCENA
Morten Svartveit – skodespelar
Ottar Kåsa – hardingfele nr. 80
Alexander Aga Røynstand – hardingfele nr. 78
Nils Økland – hardingfele nr. 31
Jan Beitohaugen Granli – haridngfele nr. 64
Einar Olav Larsen – hardingfele nr. 72
Helge Brøndbo Plassen – hardingfele nr. 74
Gunn Synnøve Brøndbo – trekkspel
Anna Margrethe Emmerhoff – hardingfele nr. 82
Åsmund Nesbakken Røynstrand – hardingfele nr. 79
Halvor Heierland Farsethås – hardingfele nr. 70
Voss Spelemannslag
Rørlien Spelemannslag
Kunstnarleg ansvarleg, tekst og scene: Mari Hesjedal
Musikalsk ansvarleg: Alexander Aga Røynstrand
Lysdesign: Silje Grimstad
Kildearbeid: Håkon Asheim
Foto: Per Finne
Takk til: Sigvald Rørlien og Håkon Asheim
«Felemakaren» er tingingskonsert til Osafestivalen 2026.
Produsert av Osafestivalen i samarbeid Hardingfela.no, Riksscenen og Ole Bull akademiet og støtta av Voss Sparebank, Karen og Lars Helgeland sitt Minnefond, Hordaland folkemusikklag og Voss Energi
