Lastar Hendingar

Ola Kvernberg & Trondheimsolistene

Kvernberg Trondheimssolistene web 2
fre 23. okt 2026
20:30

voss idrettshll

Billettar

Festivalpass eller huskort fredag Voss idrettshall (ikkje enkeltbillett)

Heilt sidan den kritikarroste «The Mechanical Fair» (2014) har Ola Kvernberg og Trondheimsolistene samarbeidd jamleg både i studio og på scena. Samspelet mellom dei er leikent og kreativt, og har resultert i konsertar mellom anna på Trondheim Kammermusikkfestival, Moldejazz og Victoria Nasjonal jazzscene.

No kjem dei til Osafestivalen med nye arrangement av Ola Kvernberg sine verk, opphavleg skrivne for Engegårdkvartetten. Desse verka fekk Ballade.no sin meldar Ola Nordal til å omtale Kvernberg som «et unikum i norsk musikk». Kvernberg er nominert til Nordisk råds musikkpris for filmmusikken til «Flåklypa – fra Paris til pyramidene» som publikum også får høyre udrag frå denne kvelden.

Foto: Hallvar Bugge Johnsen