
Demenskoret syng folketonar
Pass eller enkeltbillett
Etter fjorårets knallsuksess er Demenskoret attende på Osafestivalen! Koret vart skipa i september 2023 etter initiativ frå Voss Røde Kors og Voss demensforening. Frivillige frå Røde Kors Omsorg stiller opp som medsongarar, vaffelsteikarar og kaffikokarar på kvar øving.
Denne gode gjengen, under leiing av Solfrid Himle og akkompagnert av Rannveig Djønne, må du berre få med deg!
Foto: Vidar Herre
