Bli Frivillig

Osafestivalen hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre utan alle dei dyktige frivillige som gjer ein strålande innsats under heile festivalhelga! Vi treng fleire med på laget!

VIL DU STYRE MAGIEN BAK SCENA?
Osafestivalen søker no backstageansvarleg til Osarådet. Osarådet består av frivillige som alle har ansvar for kvar si frivilliggruppe. Backstageansvarleg er ein frivilig med ansvar for drift og organisering av backstageområdet, inkludert catering og opplæring av frivillige. Arbeidet er frivillig og ikkje betalt. Som medlem i Osarådet gjer du ein ekstra innsats for festivalen. Er dette noko for deg? Send oss ein e-post og fortel litt om deg sjølv og motivasjonen for å bli med i Osarådet.

LYST TIL Å VERE FRIVILLIG I 2026?
Har du lyst til å gjere ein innsats og vere med å løfte Osafestivalen til nya høgdar i 2026, så ta kontakt med oss! Vi har arbeidsoppgåver som kan passe til alle både i forkant og under festivalen:

  • Artistvert: Syte for at alle artistane under årets festival blir møtt med eit stort smil når dei kjem til Voss, at artistande er på rett stad til rett tid for lydprøver og konsertgjennmføring, vere gode problemløysarar.
  • Backtagecatering: Lage klar kasser med backstagecatering som skal hentast/leverast til dei forskjellinge scenane.
  • Bar/servering: Inkluderer bar, matservering til gjester, kaféarbeid. Her kan ein bli plassert på ei lang eller fleire korte vakter.
  • Billett/akkreditering: Billettsal og akkreditering av presse, bransjefolk, frivillige og gjester. Her jobbar du enten i døra på dei forskjellige scenane, eller på billettkontoret.
  • Dekor: Står for pynting av blant anna alle backstageområder og mykje av scenedekor.
  • Kjøkken: Hjelper til med matlaging og servering til dei frivillige. Rydding og oppvask er ein del av jobben
  • Marknadsføring: Distribusjon av brosjyrer/plakatar/programblad i forkant av festivalen: Med og utan førarkort.
  • Presse: Foto, video, tekstar frå konsertane, some-arbeid
  • Rigg: Opp- nedrigg av bord, stolar, lys, molton, dansegolv og liknande. Før festival, og etter siste konsert søndag
  • Transport: Større og mindre transportoppdrag før, under og etter festival. I forbindelse med rigg, transport av utstyr og instrument, henting av artistar.
  • Vakt: Dørvakt og teljar. Ein jobbar enten fleire korte eller ei lang vakt. På hovedscena rullerer ein på fleire stasjonar, og arbeidet inkluderer rydding av glas.

Bli frivillig og få:

  • Medarbeidararmband
    Tilgang til alle festivalkonsertane når du har fri og det er ledig kapasitet. Du må kjøpe fullprisbillett for å vere garantert plass på konsertane. Medarbeidsband kan ikkje kombinerast med plassbillettar.
  • Mat og alkoholfri drikke når du er på jobb
  • Frivilligpris i baren
  • T-skjorte (festivalen er miljøserifisert og oppmodar til gjenbruk)
  • Frivilligfest
  • Nye vener og ta del i eit fantastisk fellesskap av frivillige

HUGS:

  • Alle frivillige må lese frivillighandboka for Osafestivalen 2026 som kjem digitalt.
  • Det vert orienteringsmøte for alle frivillige måndag 19. oktober kl. 18.00
  • Osafestivalen er miljøsertifisert - hjelp oss med å redusere matsvinn, reis kollektivt og bruk sykkel mellom festivalarenaene våre om du har høve til det.
  • Å ha ei fantastisk festivalhelg!