Osascena

 



PROGRAM VÅREN 2026

Torsdag 29. januar, Osasalen på Ole Bull Akademiet 19.00: Steinar Rygg: «Slåttearven etter Leif Rygg» + Plateslepp med folkemusikkgruppa Ludo
Sal i baren og mingling frå kl 18.00

Steinar Rygg vil i dette konsertforedraget fortelje om faren Leif som lidenskapleg felespelar og miljøbyggjar. På konserten kan du blant anna få høyra kjente tonestykke som Bygdatråen, Lengt og Budeiene på Vikafjell – slåttar som var svært sentrale i Leif Rygg sitt repertoar.

Ludo framfører slåttar frå Voss, Hardanger og Sunnhordaland. Melodiane vert arrangert i eit jazzharmonisk landskap der er ein tek vare på slåttene sin eigenart samtidig som ein tilfører nye musikalske element. Improvisasjon og energi er sentralt i Ludo sitt uttrykk. Gruppa har eksistert sidan 2006., og no er dei aktuelle med ny EP!

Steinar Ryg - hardingfele og fiolin
Frode Hammerslan - el-bass
Åsmund Espeland - akustisk gitar

Onsdag 18. mars,dansestova/spellemannstova på Ole Bull Akademiet 19.00:
GROUPA – Kind of Folk Poland
Sal i baren og mingling frå kl 18.00

Med røter i nordisk folkemusikk speler Groupa musikk som utstrålar både ein nær kontakt med tradisjonen og ei sterk vilje til å bevege seg fremover. I Groupa sitt prosjekt "Kind of Folk" møter tradisjonell musikk av ulikt opphav gruppa si innovative tilnærming. So langt har Groupa gjeve ut fem album i Kind of Folk-serien, musikk med røter i Sverige, Noreg, Island og Den iberiske halvøy.

I den femte delen av Kind of Folk-prosjektet samarbeider Groupa med den fremragande songeren og fiolinisten Marta Matuszna frå Lalik i Polen. Marta Matuszna har lenge vore ein drivkraft i bevaring og utvikling av dei rike musikalske tradisjonane i Beskid Żywiec-regionen. Med fleire års erfaring frå Golec Brothers Foundation har ho undervist i både fiolin og tradisjonell song, djypt inspirert av folkemusikken i regionen.

Mats Edén: bratsj, hardingfele, viola d'amore, nøkkelharpe og melodeon
Jonas Simonson: fløyter, og bassklarinett
Terje Isungset: trommer, perkusjon og munnharpe
Marta Matuszna: fele og vokal

Onsdag 6. mai, dansestova/spellemannstova på Ole Bull Akademiet 19.00:
BRUCE MOLSKY & ALE MÖLLER
Sal i baren og mingling frå kl 18.00

Legendariske Ale Möller og Bruce Molsky kjem til Voss og Osascena! Dei to har spelt saman i ulike konstellasjonar i ei årrekke. No er dei aktuelle med plata "Bruce´s Halling".

Bruce Molsky er ein av dei fremste ambassadørane for den gamle tradisjonsmusikken frå bergtraktene i det som kallast Appalachia – innlandsområdet aust i USA som strekkjer seg frå New York i nord til Alabama i sør. Når han ikkje reiser verda rundt med fele, banjo og gitar, arbeider han som gjesteprofessor ved Berklee College of Music i Boston, innan fagfeltet amerikansk roots-musikk. Han har gjeve ut sju soloalbum og ei rekke samarbeidsplater, og han har mellom anna spelt med artistar som Linda Ronstadt, Mark Knopfler, Bill Frisell og Jerry Douglas.

Ale Möller er ei levande legende i den nordiske folkemusikkverda. Han er ein stadig like nyfiken multimusikant, som blandar musikk frå alle verdshjørner. Han var tidleg i front med å nytte andre instrument enn dei tradisjonelle til folkemusikk, ikkje minst i samspel, og trakterer alt frå trekkspel og mandola til mange slag blåseinstrument. Han har spelt saman med dei fleste, mellom anna vår eigen Gunnar Stubseid på hardingfele.
Dette er to briljante solistar som tidlegare har spelt saman i ulike konstellasjonar, og som no er plateaktuelle med «Bruce’s Halling» og turnerer i Skandinavia i det høvet.

Torsdag 4. juni, dansestova/spellemanstova på Ole Bull Akaademiet kl 19.00
The Nordic Fiddlers Bloc på Osascena + Voss Spelemannslag
Sal i baren og mingling frå kl 18.00

Me pangstartar juni månad med powertrioen The Nordic Fiddlers Bloc!
Kevin Henderson (Shetland), Olav Luksengård Mjelva (Norge) og Anders Hall (Sverige) har, heilt sidan dei spelte saman for første gong i 2009, gjort 700+ konserter i Skandinavia, Europa, Storbritannia og USA.

Gled dykk til ein heilt særeigen sound: rått, presist og fullt av energi – eit samspel som løftar tradisjonsmusikken inn i eit moderne konsertformat.
Med fele, hardingfele, oktavfele og bratsj lagar dei ein stor og klangrik heilskap som ofte vert samanlikna med eit strykekvartett-uttrykk – berre med meir trøkk.
Trioen har gjeve ut tre kritikarroste album: The Nordic Fiddlers Bloc (2011), Deliverance (2016) og Bonfrost (2020).

Pure fiddle doesn’t get much better than The Nordic Fiddlers Bloc.” – Folkworld

 


Billett enkeltkonsertar dersom ikkje anna er nemnd:  kr. 250,- / 150,- (stud)
Sesongkort kr. 700 gir inngang til alle konsertane på Osascena våren 2026.

Styringsgruppa for Osascena
Arne Anderdal
Ida Dyrkorn Heierland (festivalsjef/admin)
Lars Gjelland

Programforslag?
Kontakt oss på post@osafestivalen.no

Osascena er eit samarbeid mellom Osafestivalen og Voss Spelemannslag

Tusen takk til:
Kulturdirektoratet for økonomisk støtte til konsertrekka.