Bli Frivillig

Osafestivalen hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre utan alle dei dyktige frivillige som gjer ein strålande innsats under heile festivalhelga! Vi treng fleire med på laget!

Har du lyst til å gjere ein innsats og vere med å løfte Osafestivalen til nya høgdar i 2019, så ta kontakt med oss! Vi har arbeidsoppgåver som kan passe til alle både i forkant og under festivalen:

  • Marknadsføringsgruppa: Distribusjon av brosjyrer/plakatar/programblad i forkant av festivalen: Med og utan førarkort.
  • Dekorgruppa: Pynting av konsertarenaene slik at vi treff det gode intme festivalkjensla!
  • Festivalkjøkken: Enkle kjøkkenoppgåver og strålande god stemnning! Ansvarområde: Mat til frivillige, backstagemat til artistar.
  • Artistvertar: Syte for at alle artistane under årets festival blir møtt med eit stort smil når dei kjem til Voss, at artistande er på rett stad til rett tid for lydprøver og konsertgjennmføring, vere gode problemløysarar.
  • Konsertarena: Arenaansvarleg, rigg/produksjon, vakt
  • Festivalkontor: billettsal, sentralbord
  • Pressegruppa: foto, video, tekstar frå konsertane

Bli frivillig og få:

  • Medarbeidararmband
    Tilgang til alle festivalkonsertane når du har fri og det er ledig kapasitet. Du må kjøpe fullprisbillett for å vere garantert plass på konsertane.
  • Mat og drikke når du er på jobb
  • T-skjorte
  • Smalahovefest
    Osafestivalen inviterer alle frivilige til den tradisjonsrike smalahovefesten på Ole Bull Akademiet etter siste konsert sundagskvelden!