Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Bygda dansar byr opp til dans!

25. oktober

Dansesamling for deg mellom 15 og 19! Her får du lære ulike tradisjonelle dansar frå Hordaland, nyte god mat, møte andre danseglade ungdomar, og få instruksjon av nokon av Noregs beste folkedansarar.

Kursdagar: Kurset går over to dagar, laurdag 24. og søndag 25. oktober 2020
Tidskpunkt: Kjem
Instruktørar: Ulf-Arne Johannessen og Magni Rosvold
Musikarar: Arne Anderdal
Kursstad: Osasalen, Ole Bull Akademiet

Påmelding
Send påmelding til:  bygdadansar@folkemusikkogfolkedans.no innan 11. oktober 2020
Meir info kjem etter kvart også på facebooksida til Bygda dansar Hordaland eller www.bygdadansar.no

Bygda dansar er eit nasjonalt danseprosjekt retta mot ungdom, med mål om å bevara og vidareføra ein levande immateriell kulturarv. Prosjektet er gratis for ungdom å delta på, og går over 3 år. I løpet av denne prosjektperioden vert det også produsert to førestillingar. Bygda dansar er utvikla, drifta og eigd av Norsk senter for folkemusikk og folkedans, som mottar støtte fra Norsk Kulturråd, og tidlegare Hordaland fylkeskommune.

Foto: Bygda dansar

Detaljar:

Dato
25. oktober

Lokale

Osasalen
Strengjarhaugen 6
Voss, Norway
+ Google-kart