Sigbjørn Bernhoft Osa såg at det stod dårleg til med kunnskapen om folkemusikk og folkedans hjå musikkstudentar rundt i landet. Dette ville han gjere noko med, og fekk det til. Dette er også historia om gaukungen som har vakse seg stor og synleg i norsk musikkliv. Ein vill idé om å etablere eit akademi på Voss, og tru at studentar frå heile landet skulle kome på vekekurs til bygda. Det er slike idéar som lukkast, og i dag er mellom 500 og 600 studentar årleg på kurs på Voss! Nye ville idéar har sprunge ut opp gjennom åra, og no kan studentar ved Griegakademiet studere tradisjonmusikk i fire år, og å ha Ole Bull Akademiet som studiestad.
Ole Bull Akademiet har ei høg stjerne i norsk musikkliv, men ingenting kjem av seg sjølv. Det er 40 år med hardt arbeid, og vilje til å formidle folkemusikk og folkedans til stadig nye generasjonar som gjer at akademiet i dag har ein sterk posisjon.
Osafestivalen vart i si tid etablert for at Ole Bull Akademiet ønskte å formidle tradisjonsmusikk til eit breitt publikum. Festivalen står no fjellstøtt på eigne bein, men det er heilt naturleg at det er under Osafestivalen 2017 akademiet markerer dei fyrste 40 åra. Festivalen og akademiet er uløyseleg knytt til kvarandre, og programmet på jubileumskonserten er me heilt sikker på er i Sigbjørn Bernhoft Osa si ånd.
Me håpar at du som publikumar får retteleg mange gode, spanande og utfordrande musikkopplevingar under festivalen!
Medverkande:
Olav L. Mjelva | Tellef Kvifte | Roger Tallroth | Eli Storbekken | Kåre Opheim | Einar Mjølsnes | Berit Opheim