Her kan ein svinga seg både til runddans og bygdedans i fleire etasjar, til tonar frå Sindre & Co, Kristoffer Kleiveland, Sindre Fotland, Voss Spelemannslag og fleire.
Sindre & Co er eitt av dei beste runddansorkestera me har på Vestlandet i dag. Med tre toradarar i front i herleg samspel og energi, og talentfulle utøvarar, får denne gruppa det til å svinge skikkeleg for dei heldige dansarane.