• Kjøp billettar
  • Bli frivillig
  • Twitter
  • Facebook
  • RSS
Meny
Heim

Osafestivalen  25.-27. oktober 2019

  • Program 2018
  • Heim
  • UngOsa
  • VESTLANDSKAPPLEIK
  • PRAKTISK INFO
  • Billettar
  • Kontakt

Fortreffeleg laurdagskveld på Akademiet

Dei syngjande (Foto: Knut Utler)
Dei syngjande (Foto: Knut Utler)
Laurdagskvelden på Ole Bull Akademiet vart ein suksess, med fantastisk folkesong, pris- og premieutdeling og dans, spel og fest langt ut i seine nattestimar.

Laurdagskvelden fekk ein fantastisk start med «Dei syngjande» i Osasalen. Det syngjest der ute, og ikkje berre av heiltidsmusikarar – folkesongtradisjonane verte heldt i hevd rundt omkring på skular, i heimen og på små og store scener. Dette var det initiativtakar Berit Opheim ville vise saman med «Dei syngjande». Og at det er liv, tyngd, humor og venleik i folkesong, stev og kveding – det fekk alle oppmøtte bekrefta. Her var alt frå vakre bånsullar, frekke stev og lyriske kved, framført både i kor og solo. Det er noko særs fascinerande og fengslande med å høyre song på denne måten. Ein legg merke til dei subtile forskjellane i klang, tekstur og tone hjå dei ulike songarane når dei syng kvar for seg, nakent, ærleg og ope, utan instrumentering. Når dei så stemmer i saman og syng i kor, forstår ein kva som skaper den rike djupna i uttrykket: Alle desse individuelle klangane smeltar saman til ein organisk heilskap – eit stemmefellesskap.

Etter konserten vart det ingen grunn til å gå heim. Då vart det pris- og stipendutdeling: Hordaland fylkeskommune sine folkemusikkstipend, Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris og premieutdeling til deltakarane på Vestlandskappleiken, som gjekk av stabelen på Voss Gymnas denne helga. Med så mange fantastiske musikarar i feststemning samla på ein stad, så er det vel ikkje så vanskeleg å gjette kva som skjedde utover kvelden. Det vart spelt til dans sjølvsagt, både i Osasalen og Spelemannstova, og ingen lét seg be to gonger, anten det gjaldt speling, dansing eller eit glas med noko godt i. Festen varte langt om lenge og lengre enn langt – den ekstra nattestimen som dukka opp på klokka var nok kjærkommen for mange, når ein ny dag grydde.

Fleire artiklar

Maiblomen – Ein heider til Leif Rygg (Foto: Knut Utler)

Gripande og storstilt heidring av Leif Rygg

Aslak Brimi Kvartett (Foto: Knut Utler)

Minneverdig sundag

Dei syngjande (Foto: Knut Utler)

Fortreffeleg laurdagskveld på Akademiet

  • Last fleire

Kontakt oss

  • Ida Dyrkorn Heierland, festivalleiar: ida [at] osafestivalen.no
  • Sissel Lie, festivalsekretær:
    sissel [at] osafestivalen.no
  • Steinar Ofsdal, kunstnarleg leiar

Besøksadresse og festivalkontor

  • Strengjarhaugen 6, 5700 Voss
  • Telefon: 56 51 65 00
  • Fax: 56 51 48 63
  • Kontakt e-post: post [at] osafestivalen.no

Postadresse

  • Osafestivalen
  • Postboks 443
  • 5703 Voss

Festivalarrangørar

  • Ole Bull Akademiet
  • Voss Spelemannslag
  • Voss Ungdomslag
  • Orkesteret Fossegrimen
Våre hovudsponsorar:
Vekselbanken
Voss energi
IHM
Voss Sparbank

Design & utvikling Sømme

© 2019 Osafestivalen. / Til toppen av sida